Laster Arrangementer

Dette arrangementet har funnet sted

454400341_7387454941354757_1377091689495868250_n

Gud og hvermann

28. august kl. 19:00

Sted

Mariakirken
Granavollen 17
Gran, 2750
+ Google-kart

Med fløyter, song, feler og orgler tek vi deg med på ei musikalsk vandring frå altar til åker!

Avstanden mellom ein fransk konge og ein norsk småbonde på 1600-talet kunne vel knapt nok vore større. Ikkje berre var det ei lang reise i tid, men den sosiale og økonomiske avstanden var enorm. Ein skulle kanskje då tru at det er lite felles i musikken som desse personane hadde rundt seg, men det er faktisk ikkje heilt sant! På denne konserten skal vi utforske korleis melodiar og dansar har reist på tvers av landegrenser, hav og sosiale skiljer, ofte med kyrkja som eit felles møtepunkt. Vi skal sjå korleis musikken til italienske munkar, fransk adel og tyske kyrkjelydar har kome til Noreg og blitt vidareført og blitt til allemannseie og folkemusikk. Det blir både fest og moro, kjærleikssorg, inderleg religiøsitet og fleire kyrkjelege høgtider!

Prosjektet starta med eit ynskje om å finne koblinga mellom Noreg og verda i tidlegmusikalsk tid. Musikarane møttest på Noregs Musikkhøgskule og resultatet vart ein konsert i Jar kyrkje i 2022 og i Margaretakyrkan i 2023. No er gjengen spreidd for alle vindar, og dei vil ta med seg kunnskapen og røynsla dei har opparbeida seg og lage ein helstøypt produksjon! Alle fire er aktive i diverse ensembler og sett pris på leik og openheit i sine uttrykk. Dette blir ein fest!

Ferdafolk:
Victoria Oftestad – song, blokkfløyte og perkusjon
Tiril Eirunn Einarsdotter – fele, song
Vemund Olav Aukrust – orgel, song
Mathias Louis Sørbø – orgel, song og perkusjon

Inngang:
200kr